Kort fortalt

Regjeringa vil auke pensjonsalderen

Vil ha gradvis auke.

09.11.2023

NPK-NTB: Regjeringa vil auke pensjonsalderen, og arbeidsminister Tonje Brenna (Ap) er samd med Pensjonsutvalget i at aldersgrensene bør aukast gradvis.

– For at pensjonssystemet skal vere berekraftig over tid, både for kvar og ein av oss og for statsfinansane, så må vi gjere justeringar framover, seier Brenna til E24.

Pensjonsutvalet la i fjor fram forslaga sine til justeringar av pensjonsreforma frå 2011.

Der vart det foreslått at dagens aldersgrense på 67 blir erstatta med ei bevegeleg aldersgrense som aukar i takt med at forventa levealder aukar. Til dømes må dei som er fødde i 1980, måtte jobbe til dei er 69 år – altså ein pensjonsalderauke på to år frå dagens grense.

Brenna og regjeringa er samd i at aldersgrensa burde aukast, og seier at dei er samde i hovudtrekka i forslaget frå utvalet.

Publisert: 09.11.2023 13:29

Sist oppdatert: 09.11.2023 13:29