Kort fortalt

Regjeringa vil doble hydrogensatsinga

Legg 200 millionar i potten.

06.05.2021

I revidert nasjonalbudsjett vil regjeringa doble satsinga si på hydrogen til totalt 200 millionar kroner.

I statsbudsjettet for 2021 ligg det 100 millionar kroner til marknadsutvikling og infrastruktur for hydrogen. No vil regjeringa doble dette, stadfestar olje- og energiminister Tina Bru (H) overfor E24.

– No fyller vi på 85 millionar til, også fordi vegkartet for hydrogen kjem i stortingsmeldinga som eg skal leggje fram 11. juni. Den andre biten er 15 millionar kroner til eit miljøvennleg forskingssenter (FME), seier ho.

Gjennom Enova er det òg tildelt støtte til ferjer og skip som går på hydrogen.

Publisert: 06.05.2021 21:18

Sist oppdatert: 28.06.2021 08:09

Mer om