Kort fortalt

Regjeringa vil få barn til å like fisk

11 millionar til positive fiskeopplevingar.

25.02.2019
NPK: Regjeringa vil snu det fallande inntaket av fisk og sjømat her til lands og set av 11 millionar kroner til tiltak som skal gi barn og unge gode opplevingar med fisk og sjømat – det vil seie like fisk.
– Barn liker mat som smaker godt. Vi har den beste sjømaten i verda, men likevel ser vi at barn og unge droppar fisken. Her har vi ein jobb å gjere, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik (Frp).
6,1 millionar kroner er sett av til tiltak som skal auke konsumet av fisk og sjømat i Noreg, særleg blant barn og unge. Institusjonar, organisasjonar, bedrifter og privatpersonar kan no søkje om støtte frå denne potten.
– Det er framleis mange som ikkje veit kor enkelt det er å lage til eit godt sjømatmåltid. Derfor ønskjer vi å støtte aktørar som kan gi barn og unge gode opplevingar med sjømat, seier Nesvik.
Resten av pengane, 5 millionar kroner, skal gå til kosthaldsprogrammet Fiskesprell, som Nærings- og fiskeridepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Noregs sjømatråd og Fiskesalslaga samarbeider om. Pengane går til kurs for lærarar og barnehagetilsette og til fagutdanning, fagmateriell, inspirasjonshefte og støtte til innkjøp av sjømat.

Publisert: 25.02.2019 12:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35