Kort fortalt

Reknefeil ga milliardtap for Oljefondet

Nytta feil data.

21.08.2023

(NPK-NTB): Oljefondet hadde 81 uønskte hendingar i første halvår. Ein av dei var ein reknefeil som førte til eit tap på 980 millionar kroner.

Ifølgje Dagens Næringsliv var talet på uønskte operasjonelle hendingar på eit lågt nivå samanlikna med tidlegare år, medan dei finansielle effektane var høgare enn normalt. Desse effektane var på 1,1 milliardar kroner, noko som omfattar både gevinstar og tap.

– Den finansielle effekten er først og fremst knytt til ei alvorleg hending i samband med ein mindre feil som vart oppdaga i utrekninga vår av valutaallokeringa i statsdelen av Finansdepartementets referanseindeks for obligasjonsporteføljen, som følgje av at det vart nytta feil data, opplyser pressekontakt Line Aaltvedt i Statens pensjonsfond utland, også kalla Oljefondet.

Oljefond-sjef Nicolai Tangen viste også til feilen då han heldt ei innleiing for Stortingets finanskomité i april.

(©NPK)

Publisert: 21.08.2023 09:17

Sist oppdatert: 21.08.2023 09:17

Mer om