Kort fortalt
Rekorddyr hytte på Strandafjellet
Lagt ut for 32 millionar kroner.
22.11.2023
Ei hytte på Strandafjellet er lagt ut for sal til 32 millionar kroner.
Prisen er langt over alle tidlegare prisrekordar på Sunnmøre – både for hytte og bustadhus, ifølgje Sunnmørsposten.
Den nybygde hytta i Blådalslia hyttefelt ligg rett ved skitrekket, og har eit bruksareal på meir enn 400 kvadratmeter. Då er det blitt plass til seks soverom, vinrom, biljardrom og sauna, i tillegg har hytta utandørs boblebad.
Meklar Paal Henning Molvær Jørgensen hos Nordvik Bolig seier til avisa at dei har dialog med nokre som er interesserte i hytta, men at han er budd på at den kan «trenge litt tid i marknaden».
Publisert: 22.11.2023 16:51
Sist oppdatert: 22.11.2023 16:51