Kort fortalt

Rekorddårleg laksefiske

Truleg det dårlegaste i nyare tid.

04.11.2021

Sportsfiskarar fanga 85.900 laksar i 2021. Organisasjonen Norske Lakseelver meiner sesongen kan vere den dårlegaste i nyare tid.

For nokre år sidan var fangsttalet oppe i 133.000. I sommar vart det for første gong fanga fleire pukkellaksar enn atlantisk laks i norske elvar. Den negative utviklinga viser at sterkare tiltak trengst, meiner generalsekretær Torfinn Evensen i Norske Lakseelver, som organiserer 108 lakseelvar.

– Det kan vere upopulært å komme med strengare kvotar og avgrensingar i eit elvefiske som allereie er strengt regulert, men biologi må gå føre hausting og næring. Tida då ein kunne hauste utan å tenkje på morgondagen er for lengst over, seier Evensen.

Særleg på Vest- og Sørlandet tørka fiskesesongen bort, men Evensen fortel at det mange stader truleg har vorte nok gytefisk etter at tørken gav seg.

Publisert: 04.11.2021 11:25

Sist oppdatert: 04.11.2021 11:25

Mer om