Kort fortalt

Rekordfå trafikkdøde

To trafikkdødsfall i januar.

01.02.2022

NPK-NTB: I januar i år omkom to personar i trafikken. Det er færre enn nokon gong. I same månad i fjor omkom seks personar, ifølgje Statens vegvesen.

– I 2021 hadde vi dei lågaste dødstala i Noreg sidan 40-åra, og januar held fram i same spor, seier Guro Ranes, avdelingsdirektør for trafikktryggleik i Statens vegvesen.

Ein eldre bilførar på Toten og ein ung mann på elsparkesykkel i Stavanger mista livet i januar i år. Dødsulykka på elsparkesykkel var det fjerde av sitt slag.

I 2012 døydde 15 personar i januartrafikken, og Ranes meiner arbeidet med førebygging av ulykker har bore frukter sidan den gong.

Publisert: 01.02.2022 08:15

Sist oppdatert: 01.02.2022 08:18