Kort fortalt

Rekordhøg støtte til EØS-avtalen

Også EU-støtta er aukande, viser undersøking.

07.06.2021

To av tre ville ha stemt ja til EØS-avtalen om det var folkeavstemming i dag, ifølgje ei ny undersøking. Også EU-støtta er aukande.

Målinga er gjennomført av Sentio for Nationen og Klassekampen.

Framleis er det eit klart fleirtal mot norsk EU-medlemskap, men 29, 2 prosent oppgir at dei ønskjer dette. Det er den høgaste oppslutninga sidan oktober 2010, skriv Nationen. 62 prosent er imot, medan 8,8 prosent svarer at dei ikkje veit.

65,9 prosent oppgir at dei ville ha stemt for ein EØS-avtale, noko som er den høgaste oppslutninga som nokon gong er målt her i landet. Her svarer 22,2 prosent nei og 11,9 prosent veit ikkje.

– Dei siste fem–seks åra har oppslutninga om EØS-avtalen vore formidabel og jamt aukande. Samtidig ser vi at stadig fleire snusar på tanken om eit norsk EU-medlemskap, seier generalsekretær Fredrik Mellem i Europabevegelsen til Nationen.

Leier Roy Pedersen i Nei til EU meiner det ikkje er snakk om eit stemningsskifte i haldninga til EU.

– Målinga viser at tala er ganske stabile. Den stadfestar òg at EU-motstanden i Noreg er i solid fleirtal, og slik har det vore i rundt 15 år, seier han.

I undersøkinga er eit representativt utval på 1.000 personar spurde i perioden 25. – 31. mai.

Publisert: 07.06.2021 07:31

Sist oppdatert: 07.06.2021 07:32