Rekordmange 13.585 menneske flytta ut av Oslo frå juli til september. Berre 12.945 flytta inn til byen frå andre stader i landet i tredje kvartal.
Dermed går flytterekneskapen 640 personar i minus, viser tal som Aftenposten har henta ut. Avisa melde i august i år at folketalet i Oslo for første gong gjekk ned. Då hadde utflyttinga frå byen vore rekordhøg tre kvartal på rad.
Veksten i utflyttinga er særleg stor blant unge vaksne.
Sjølv om flytterekneskapen gjekk i minus, var Oslo tilbake på folkevekst i tredje kvartal. 2.572 fleire innbyggjarar kom til byen, hovudsakleg på grunn av innvandring som stod for nesten halvparten av veksten med 1.685 personar.
I tillegg bidrog fødslar til veksten. Det vart fødd 2.512 barn i tredje kvartal, medan 985 Oslo-borgarar døydde. Det gir ein pluss på 1.527.
Publisert: 18.11.2021 12:37
Sist oppdatert: 18.11.2021 12:38