Kort fortalt

Rekordhøge bankinntekter

Netto renteinntekter opp 30 prosent.

06.11.2023

NPK-NTB: Høge renter har gitt bankane rekordinntening dei tre første kvartala i år. Samanlikna med fjoråret har netto renteinntekter auka med 30 prosent.

Rentenettoen til bankane er den høgaste som er målt i statistikken ved utgangen av eit tredje kvartal, viser nye tal frå SSB.

Bankane enda på til saman 95,8 milliardar kroner i netto renteinntekter i dei tre første kvartala i 2023. Dette er ein auke på 30 prosent frå same periode i fjor.

Publisert: 06.11.2023 08:48

Sist oppdatert: 06.11.2023 08:48