Kort fortalt

Rekordhøge havnivå langs kysten

Må førebu oss på at havet stig, ifølgje rapport.

15.01.2025

(NPK): Vi opplevde rekordtidleg stormflod og høgare gjennomsnittleg vasstand langs delar av kysten i fjor. Ein rapport om havnivå viser at vi må førebu oss på at havet stig i åra framover.

Det var rekordhøg vasstand langs kysten frå Mandal til Ålesund i 2024.

– Aldri før har gjennomsnittleg vasstandsnivå vore målt så høgt langs denne delen av norskekysten. Vi har målingar tilbake til tidleg 1900-tal enkelte stader. I tillegg vart det ny rekord for Andenes. I tillegg tangerte Kabelvåg og Honningsvåg årsmiddelverdiane sine, fortel havnivåforskar Matthew Simpson i Kartverket i ei pressemelding.

Simpson var prosjektleiar for havnivårapporten «Sea level rise and extremes in Norway» som vart publisert i april 2024.

– Vi forventar at det blir nye rekordar i åra som kjem, særleg i område der landhevinga er liten, seier Simpson.

Sesongen for stormflod her i landet startar vanlegvis i oktober. Men den 23. august i fjor vart Drammen og indre Oslofjord ramma av høg vasstand. Basert på grenseverdien 5 års høgvatn, var dette ei rekordtidleg stormflaumhending.

(©NPK)

Publisert: 15.01.2025 13:15

Sist oppdatert: 15.01.2025 13:15

Mer om