Kort fortalt

Rekordhøge inntekter for Mowi

Solid driftsresultat i tredje kvartal.

08.11.2023

(NPK-NTB): Verda største produsent av oppdrettslaks, Mowi, fekk eit driftsresultat på 203 millionar euro i tredje kvartal.

Lakseprodusenten melder om at han hadde inntekter på 1,26 milliardar euro - eller drøyt 15 milliarder kroner - i tredje kvartal. Driftsresultatet enda på 203 millionar euro, ned frå 240 millionar i same kvartal i fjor. Det svarar til kring 2,8 milliardar kroner.

Så langt i år har Mowi likevel høgare inntekter og driftsresultat enn på same tid i fjor.

– Rekordvolum, sesongmessig gode lakseprisar og ikkje minst fantastisk innsats frå dei 11.500 kollegaene mine over heile verda har resultert i endå eit rekordkvartal for Mowi, seier konsernsjef Ivan Vindheim i børsmelding onsdag morgon.

Selskapet betaler ut 776 millionar kroner i utbytte, tilsvarande 1,5 kroner per aksje.

Det store volum av oppdrettsfisk og høge lakseprisar som følgje av høg etterspurnad som er årsaka til dei gode tala, opplyser selskapet i børsmeldinga. Ifølgje kvartalsrapporten er det produsert 135.000 tonn laks i tredje kvartal, og fdet er venta ein årsproduksjon på 484.000 tonn.

For neste år forventar Mowi å produsere 500.000 tonn laks, 300.000 tonn i Noreg.

(©NPK)

Publisert: 08.11.2023 08:54

Sist oppdatert: 08.11.2023 08:54