Rekordhøg gullpris
Høgaste nivå nokosinne.
(NPK-NTB-AFP): Prisen på gull nådde måndag sitt høgaste nivå nokosinne. Også kopar og sølv vart dyrare på den første dagen denne veka.
Det er registrert fleire prisrekordar for gull så langt i år, og toppnoteringa måndag blir til dels sett i samanheng med helikopterulykka der Irans president døydde søndag. I uroleg tider søkjer mange investorar til gull som ei trygg hamn.
Kopar sette også ny prisrekord på måndag, medan prisen på sølv nådde sitt høgaste nivå på elleve år.
Medan Dow Jones-indeksen i New York fall etter å ha avslutta fredagen over 40.000 poeng for første gong, steig den teknologitunge Nasdaq-børsen til nye høgder og ny rekord på 19.794,87 poeng.
(©NPK)
Publisert: 21.05.2024 09:56
Sist oppdatert: 21.05.2024 09:56