Kort fortalt

Rekordhøg kjøtproduksjon i 2018

Storfe aukar mest.

19.03.2019
NPK: Det har aldri vore produsert så mykje kjøt som i 2018. Det blei slakta 352.000 tonn.
Kjøtproduksjonen er ein auke på 0,4 prosent, går det fram av tal frå SSB, som har henta inn.
Totalt blei det produsert 89.396 tonn storfekjøt, noko som er det meste sidan år 2000, og ein auke på 4,9 prosent frå 2017.
For svinekjøtproduksjonen var talet nesten uendra frå 2017 til 2018, men i den siste femårsperioden frå 2013 til 2018 auka produksjonen med 7,7 prosent. Totalt 137.316 tonn svinekjøt blei produsert i fjor.
Sauekjøtproduksjonen på 26.973 tonn i fjor er ein liten nedgang på 1,7 prosent frå året før. Ser vi på dei fem siste åra, har auken sidan 2013 vore på 15,2 prosent.
Produksjonen av fjørfekjøt går nedover, i fjor gjekk den ned med 2,8 prosent og for femårsperioden har produksjonen gått ned med 5,6 prosent.

Publisert: 19.03.2019 16:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35