(NPK-NTB): Totalt 240 millionar kroner har vorte dryste over dei politiske partia i 2024 og 2025.
Høgre, Frp, Venstre og KrF fått 129,9 millionar, medan Ap, Sp, SV, MDG og Raudt har fått 110,6 millionar av summen, viser ei oversikt frå E24.
Medan milliardærar og toppar i næringslivet har gitt bidrag til høgresida, har venstresida teke imot store summar frå LO. Arbeidarpartiet har fått 60 millionar kroner, desidert mest av alle partia.
Høgre er partiet som tradisjonelt sett har fått mest frå milliardærane. I år har dei vorte utfordra av Frp, som har fått store donasjonar frå mellom anna Christen Sveaas, Kistefos og Aksjon for borgarleg valsiger.
Både Frp og Høgre har fått like under 50 millionar kroner dei siste to åra.
Generalsekretær Tom Erlend Skaug i Høgre seier til E24 at dei store pengedonasjonane i år til borgarleg side kjem av at mange aktørar i næringslivet meiner eit regjeringsskifte er viktig.
– Alle dei siste valkampane har venstresida hatt eit økonomisk forsprang. Det er først og fremst på grunn av LO. Det ser vi dei har fått i år òg. Vi har fått mange bidrag frå organisasjonar og privatpersonar, og mange av dei seier at dei ønskjer å balansere den støtta frå LO, og at dei ønskjer ei borgarleg regjering.
(©NPK)
Publisert: 08.09.2025 11:32
Sist oppdatert: 08.09.2025 11:34






