Kort fortalt

Rekordhøg reiseaktivitet i fjor

Målet det høgaste talet på reiser som er målt i fjor.

26.02.2024

(NPK-NTB): I 2023 drog nordmenn på 30,3 millionar reiser. Det er det høgaste talet reiser på eitt år som er målte av Statistisk sentralbyrå.

30,3 millionar reiser i 2023 er ein auke på 5,2 prosent samanlikna med 2022, viser tal frå reiseundersøkinga til Statistisk sentralbyrå (SSB).

Dette er det høgaste talet på reiser som er målt sidan reiseundersøkinga, som omfattar både ferie- og yrkesreiser med minst éi overnatting, vart starta opp i 2002.

Nivået på innanlandsreiser er det som bidrog til rekorden. I fjor drog nordmenn på 22,7 millionar reiser i eige land – ein auke på 4,1 prosent frå året før.

Fleire ferierer berre i Noreg

– Det er interessant å merke seg at andelen nordmenn som berre ferierer i eige land, aukar. Før pandemien oppgav rundt 10 prosent av dei spurde i reiseundersøkinga at dei berre ferierte i Noreg. I 2023 var det auka til 22 prosent, seier seniorrådgivar Guro Henriksen i SSB.

Sjølv om nordmenn reiste meir til utlandet i 2023, nådde ikkje trafikken nivået som var vanleg før pandemien. I løpet av fjoråret drog nordmenn på 7,6 millionar utanlandsreiser, som er ein auke på 8,4 prosent samanlikna med 2022.

Færre jobbreiser til utlandet

Ser ein berre på ferieturar, som i 2023 var 6,5 millionar av utanlandsreisene, byrjar nivåa å likne dei som var i åra før pandemien.

Nivået for utanlandsreiser i samband med jobb var omtrent det same som i 2022, med 1,1 million reiser. Med unntak for åra med pandemi, må ein tilbake til 2012 for å finne eit like lågt nivå på jobbreiser til utlandet.

– Under pandemien tok vi i bruk nye arbeidsmetodar og digitale løysingar. Dette har sannsynlegvis bidrege til eit mindre behov for å leggje yrkesreiser til utlandet, forklarer Henriksen.

(©NPK)

Publisert: 26.02.2024 09:33

Sist oppdatert: 26.02.2024 09:33

Mer om