Kort fortalt

Rekordhøg tømmerpris

19.08.2022

(NPK-NTB): Snittprisen på alt tømmer som vart selt i andre kvartal, enda på 501 kroner per kubikkmeter. Det er den høgaste prisen som er registrert i eitt kvartal.

Samanlikna med andre kvartal i fjor var prisauken på 16 prosent, skriv Statistisk sentralbyrå.

I alt vart det hogge rett i underkant av 3 millionar kubikkmeter tømmer for sal mellom april og juni i år, som er omtrent det same som i tilsvarande kvartal i fjor.

Sagtømmerprisen for gran og furu var høvesvis 21 og 18 prosent høgare i andre kvartal i år enn i tilsvarande kvartal året før. Sagtømmer er tømmerstokkar som er lange, tjukke og rette nok til å kunne skjerast til plankar og bord. I gjennomsnitt fekk skogeigarane 653 kroner per kubikkmeter for sagtømmer av gran og 632 kroner per kubikkmeter for furutømmeret.

Samtidig vart det i andre kvartal eksportert 1,17 millionar kubikkmeter tømmer. Det er 160.000 kubikkmeter meir enn i same kvartal i fjor.

(©NPK)

Publisert: 19.08.2022 11:17

Sist oppdatert: 19.08.2022 11:17

Mer om