Kort fortalt

Rekordhøg vekst i leigeprisane

Ferske tal frå Eiendom Norge.

18.04.2023

(NPK-NTB): Prisane på leigebustader i dei fire største byane steig med 4,4 prosent dei tre første månadene i år. Det siste året har leigeprisane stige 10,4 prosent.

– Eiendom Norges utleigebustadprisstatistikk viser ein historisk sterk oppgang i utleigebustadprisane i Noreg både i første kvartal og det siste året. Vi har aldri målt ein så sterk vekst i leigeprisane i Noreg, seier administrerande direktør Henning Lauridsen i Eiendom Norge i ei pressemelding.

I Oslo var prisauken størst, med 5,3 prosent i første kvartal, medan han var 4 prosent i Bergen. I Stavanger var prisveksten meir moderat, med 1 prosent, medan han i Trondheim var negativ, med eit fall på 1,1 prosent.

Det siste året auka leigeprisane i Oslo med 11,9 prosent, etterfølgd av Stavanger og Sandnes med 7 prosent og Trondheim med 6,3 prosent. I Bergen er årsveksten no på 2,6 prosent.

– Den sterke veksten i leigeprisane vi hadde gjennom 2022 held fram inn i 2023, og det er særleg hovudstaden som skil seg ut. Gjennom 2022 endra inflasjonen takt både i Noreg og internasjonalt. Dette verkar inn på leigeprisane både gjennom høgare rente og auka kostnader for utleigarar meir generelt, seier Lauridsen.

(©NPK)

Publisert: 18.04.2023 08:34

Sist oppdatert: 18.04.2023 08:34

Mer om