(NPK-NTB): Sjømatselskapet Mowi hadde 1,44 milliardar euro i inntekter i tredje kvartal. Det operasjonelle driftsresultatet enda på 173 millionar euro.
Driftsresultatet er ein nedgang frå 230 millionar euro samanlikna med andre kvartal, medan det låg på 203 millionar euro i tredje kvartal i fjor.
Inntektene på 1,44 milliardar euro er likevel rekordhøge, og opp frå 1,34 milliardar i andre kvartal.
Styret i Mowi har dermed vedteke å utbetale eit utbytte på 1,50 kroner per aksje for tredje kvartal. Det svarer til rundt 776 millionar kroner. Førre kvartal var utbyttenivået på 1,70 kroner per aksje.
– Dette var nok eit kvartal med nye rekordar for Mowi, med vår beste produksjon i sjø og høgaste slaktevolum nokosinne på totalt 161.000 tonn laks. Vi har heller aldri hatt meir fisk ståande i sjø, opp 4,4 prosent frå same tid i fjor, seier administrerande direktør Ivan Vindheim i Mowi, skriv E24.
Slaktevolumet er det høgaste gjennom tidene i tredje kvartal. Mowi ligg derfor godt an til å nå målet sitt om å slakte 500.000 tonn laks i 2024.
Milliardæren John Fredriksen er største eigar i Mowi.
(©NPK)
Publisert: 06.11.2024 08:34
Sist oppdatert: 06.11.2024 08:34