Kort fortalt
Rekordinntekt for Sykkylven-bedrift
Gode tider for fasadeentreprenør.
19.01.2024
Straumsheim Glass og Fasade sette ny omsetningsrekord i fjor, ifølgje lokalavisa Nyss.
Sykkylven-bedrifta omsette for 69 millionar kroner i 2023, og hadde ein ordrereserve på kring 36 millionar kroner, fortel dagleg leiar Ole Straumsheim til avisa. Det betyr at dei framleis har mykje å gjere framover.
Bedrifta som blei starta opp i 1968, er mellom dei største fasadeentreprenørane i regionen og lagar vindauge, dører og fasadar i aluminium og stål. Tilpassing og forming blir gjort ved fabrikken i Straumgjerde. Dei har også opna avdeling i Spjelkavik i Ålesund, med to tilsette.
Publisert: 19.01.2024 10:00
Sist oppdatert: 19.01.2024 10:00