Byggentreprenøren UNU i Måløy skal saman med HS Bygg i Stryn bygge nye Skram skule Måløy, ifølgje Fjordenes Tidene.
Kontraktsverdien for å bygge den nye barneskulen er på meir enn 200 millionar kroner.
Dagleg leiar Rune Sætren i UNU As seier til avisa at dei to partnarane delar oppdraget økonomisk, administrativt og sjølve utføringa likt mellom seg.
Likevel er kontrakten den største firmaet har inngått nokon gong.
Publisert: 02.07.2024 18:17
Sist oppdatert: 02.07.2024 18:17