Kort fortalt

Rekordlite vatn i magasina

Fyllingsgrada i norske vasmagasin er no nede i 22 prosent i snitt.

NPK
27.04.2022

Gjennom veke 16 gjekk magasinfyllinga ned med 0,4 prosent, skriv NVE. På Vestlandet er fyllingsgraden 11,2 prosent. Det er høgast magasinfylling i Nord-Noreg (39,8 prosent) og lågast i Aust-Noreg (10,0 prosent).

Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt i åra 2002–2021 var 31,7 prosent.

Fyllingsgrada har gått jamt nedover sidan i haust. I mars foreslo SV og Raudt å be regjeringa greie ut eit auka minstekrav til fyllingsgrada i vassmagasina. Dei ønsker at mellom anna å finne ut korleis ulike krav til fyllingsgrad påverkar kraftproduksjonen, straumprisen og forsyningstryggleiken.

Publisert: 27.04.2022 15:22

Sist oppdatert: 27.04.2022 15:23

Mer om