Kort fortalt

Rekordmange eig aksjar

68.000 nye aksjonærar i fjor.

10.01.2022

Ved utgangen av 2021 eigde 544.403 nordmenn aksjar eller eigenkapitalbevis på Oslo Børs. Talet har aldri vore høgare.

I løpet av året kom det om 68.000 nye aksjonærar til børsen, medan tilsvarande tal i 2020 var 91.000. Det kjem fram i AksjeNoregs rapport , som er omtalt i Dagens Næringsliv.

36 prosent av aksjonærane var under 40 år, og blant nye aksjonærar var 62 prosent under 40 år.

Gjennomsnittsverdien per aksjonær har auka frå 305.000 kroner i 2020 til 320.000 kroner i 2021, og 43 prosent har no berre investert i éin aksje.

Publisert: 10.01.2022 07:27

Sist oppdatert: 10.01.2022 07:27