Rekordmange fullfører vidaregåande
Nesten 80 prosent fullfører.
Aldri før har så mange fullført vidaregåande opplæring som no, viser nye tal frå SSB. – Vi går i riktig retning, seier kunnskapsminister Guri Melby (V).
Blant dei som byrja i vidaregåande opplæring i 2014, har nesten 80 prosent fullførte vidaregåande opplæring fem/seks år etterpå, viser ferske tal frå SSB.
Dette er ein oppgang på 7,6 prosentpoeng frå 2006-kullet.
– Dette er veldig bra, og viser at vi bevegar oss mot målet til regjeringa som er at minst ni av ti skal fullføre vidaregåande skule i 2030, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) i ei pressemelding.
Også blant innvandrarar har fullføringa auka. Sidan 2006 har delen som fullfører blant innvandrarar auka med over 10 prosentpoeng.
Publisert: 14.06.2021 23:07
Sist oppdatert: 14.06.2021 23:09