Rekordmange hotellovernattingar
Men utlendingane svikta i august.
For første gong var det over to millionar norske hotellovernattingar i august, viser nye tal frå SSB. Men dei utanlandske turistane lèt framleis vente på seg.
To millionar norske hotellovernattingar i august er 27 prosent fleire enn i same månad i fjor, ifølgje nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
Det er første gong sidan SSB starta å registrere overnattingar på hotell i 1950 at det er over 2 millionar overnattingar i ein augustmånad.
Men fråværet av utanlandske overnattingar blir framleis godt merka. I august var det 321.000 utanlandske hotellovernattingar. Det er ein auke på nesten 50 prosent frå august i fjor, men berre ein firedel av kva det var før pandemien.
I alt var det rundt 4,4 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsstader i august. Det er 845.000 fleire enn i august i fjor, ein auke på 24 prosent.
Samanlikna med åra før pandemien var nivået på norske overnattingar på god veg tilbake til normalen, men det manglar mange utanlandske overnattingar.
– Sjølv om august er den store feriemånaden i Europa, og utanlandske turistar kunne reise til Noreg, var det likevel over éin million færre utanlandske overnattingar enn det som er vanleg i august, seier seniorrådgivar Jarle Kvile i SSB.
Det vart registrert over 1,6 million overnattingar på campingplassar i august og 408.000 overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar. Samanlikna med august i fjor var det ein auke på høvesvis 14 og 41 prosent.
(©NPK)
Publisert: 30.09.2021 09:59
Sist oppdatert: 30.09.2021 10:00