Kort fortalt

Rekordmange hotellovernattingar

I mars var det 1,2 millionar fleire hotellovernattingar enn i same månad i fjor.

27.04.2022

Det er ein auke på 188 prosent frå mars i koronaåret 2021.

I alt var det 1,8 millionar hotellovernattingar i mars, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Auken på norske hotellgjester var på heile 933.000 frå mars i fjor. Talet på utanlandske overnattingar i same periode var 328.000, ein auke på 385 prosent frå same månad i fjor.

– Talet på hotellovernattingar er det høgaste som SSB har målt for norske overnattingar i mars månad, seier rådgivar Kristin Aasestad i SSB.

Mars 2021 var sterkt prega av koronapandemien. Styresmaktene la store avgrensingar på all form for reiseverksemd og kontakt med andre menneske. Dette var heilt oppheva i år. Det synest spesielt på talet på hotellovernattingar i Finnmark, som ser ein auke på 259 prosent, og i Oslo der det er registrert 659 prosent fleire hotellgjester enn i fjor.

– Hotella i Oslo vart spesielt hardt ramma av koronapandemien. I den første heile månaden utan reiserestriksjonar på ei lang stund, ser ein at både dei norske og utanlandske gjestene igjen besøkjer hotella i Oslo, seier Aasestad.

Saman med andre former for overnatting, som turisthytter, campingplassar og privat, var talet på utanlandske overnattingar 413.000 i mars. Det er nesten tilbake på same nivå som før pandemien. I 2018 og 2019 var det 560.000 og 571.000 utanlandske overnattingar i mars.

Publisert: 27.04.2022 11:41

Sist oppdatert: 27.04.2022 11:42

Mer om