Kort fortalt

Rekordmange hytteløyver

Oppgang på nær 40 prosent.

16.02.2022
(NPK-NTB): I fjor vart det gitt igangsetjingsløyve til 8.762 fritidsbygg i Noreg. Det er ein oppgang på nesten 40 prosent frå året før, viser nye tal frå SSB.


Tala er langt høgare enn det Norsk Hyttelag hadde forventa.

Generalsekretær i hyttelaget, Audun Bringsvor, seier dei så ein stor auke i hyttesalet i det første året av pandemien. No håpar han at hytteeigarane vil ta hyttene og hyttekommunane i hyppig bruk òg etter at pandemien er over.

– Dei nye tala tyder i alle fall på at nordmenn i større grad vil velje hyttetur i åra framover, seier Bringsvor.

Flest igangsetjingsløyve vart gitt i Vinje kommune. Her vart det gitt løyve til 249 hytter og hytteutvidingar, som er ein auke på heile 65 prosent frå året før. Deretter følgjer kommunane Flå (237), Ringebu (205 løyve) og Nesbyen (202 løyve).

Nord-Aurdal var blant kommunane med størst auke. Her vart det gitt 184 igangsetjingsløyve i 2021, noko som er ei tredobling sidan 2020.

– Vi har eigentleg sett ei utvikling over fleire år der folk byter ut Syden-ferien med ein meir aktiv og berekraftig ferie her heime. Og så fekk vi ein koronapandemi på toppen som verkeleg gjorde at folk fekk auga opp for det trygge og gode hyttelivet, seier Bringsvor.

Tala gjeld søknad om nye fritidsbygg og utvidingar av hytter i form av tilbygg og påbygg.

Dersom ein ikkje reknar med tilbygg og påbygg, er talet 6.861. Det er ein auke på 24 prosent samanlikna med førre toppnotering i 2017, skriv SSB.

(©NPK)

Publisert: 16.02.2022 10:02

Sist oppdatert: 16.02.2022 13:44

Mer om