Kort fortalt

Fleire kvinner investerer i aksjar

Likevel aukar mennene forspranget.

01.03.2021

(NPK-NTB): Talet på kvinner som investerer i aksjar på Oslo Børs, steig til rekordhøge 137.000 i fjor, viser tal frå Aksjenoreg.

22.000 fleire kvinner sparer no i aksjar enn for eitt år sidan, skriv P4. Auken er på 19 prosent.

– Stadig fleire kvinner sparer langsiktig, og det er veldig positivt seier, dagleg leiar i AksjeNoreg Kristin Skaug til kanalen.

Fleire kampanjar retta mot kvinner og aksjesparing i 2020 dreiv talet opp, meiner Skaug.

– Samtidig har det vorte meir ope for å diskutere sparing og økonomi i sosiale medium og i sosiale samanhengar, seier ho.

Talet på aksjonærar på Oslo Børs auka samtidig med 23,6 prosent, eller nesten 92.000 nye aksjonærar, viser ein rapport frå AksjeNoreg. Og medan kvinnedelen auka med 19 prosent, vart det samtidig 26 prosent fleire menn som investerer i aksjar.

Kvinnene auka verdiane sine med 16 prosent, medan mennene auka verdiane sine med 27 prosent, viser rapporten.

(©NPK)

Publisert: 01.03.2021 09:52

Sist oppdatert: 01.03.2021 09:54

Mer om