Kort fortalt

Rekordmange ledige stillingar

Dette trass i høg arbeidsløyse.

11.11.2021

Talet på ledige stillingar har vore rekordhøgt i perioden april til og med september 2021. Samtidig er det mange arbeidsledige, ifølgje SSB.

Talet på ledige stillingar gjekk opp med 2.900 frå andre til tredje kvartal 2021. Det svarer til 96.200 ledige stillingar totalt i perioden mellom juli og september, opplyser Statistisk sentralbyrå (SSB).

– Talet på ledige stillingar har vore rekordhøgt dei to siste kvartala, det høgaste i statistikkens historie, seier seksjonssjef for arbeidsmarknad og lønn Tonje Køber i SSB.

Tal frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU) viser at arbeidsløysa går raskt ned, og er om lag på same nivå som før pandemien starta. Det er likevel mange arbeidsledige, sjølv om arbeidsgivarane har mange ledige stillingar.

– Ei forklaring kan vere at dei arbeidssøkjande ikkje har den kompetansen som arbeidsgivarane leitar etter, seier Køber.

Næringane varehandel og pleie- og omsorgstenester i institusjon hadde flest ledige stillingar totalt, med høvesvis 9.700 og 9.500 ledige stillingar.

– Desse ligg no på eit høgare nivå enn før koronapandemien. Også undervisningsnæringa har hatt ein stor vekst i ledige stillingar dette kvartalet samanlikna med tidlegare år, seier Køber.

Publisert: 11.11.2021 09:06

Sist oppdatert: 11.11.2021 09:07