Kort fortalt

Rekordmange ledige stillingar

Talet held fram med å stige.

01.09.2022

(NPK-NTB): Talet på ledige stillingar i Noreg held fram med å stige. I 2. kvartal 2022 var det 107.800 ledige stillingar – den tredje rekorden på eitt år.

– I 2. kvartal var arbeidsløysa rekordlåg, medan etterspurnaden etter arbeidskraft auka. Denne utviklinga har vi sett det siste halvåret, seier Tonje Køber, seksjonssjef for arbeidsmarknad og lønn i Statistisk sentralbyrå (SSB).

For tredje gong på eitt år vart det sett rekord i talet på ledige stillingar i 2. kvartal. Talet på ledige stillingar gjekk opp med i underkant av 5.000 frå 1. til 2. kvartal. Dette er auke på nesten 5 prosent.

– Talet på ledige stillingar har vore rekordhøgt den første halvdelen i år, med over 100.000 ledige stillingar i begge kvartala. I same periode viser andre statistikkar at arbeidsløysa har vorte lågare, og at talet på jobbar har auka. Dette tyder på at det framleis er behov for meir arbeidskraft i arbeidsmarknaden, seier Køber.

(©NPK)

Publisert: 01.09.2022 10:00

Sist oppdatert: 01.09.2022 10:01

Mer om