NPK-NTB: 68 nye selskap er noterte på Oslo Børs i år, noko som er ti fleire enn det førre rekordåret, 2007.
Overfor Dagens Næringsliv karakteriserer børsdirektør Øivind Amundsen utviklinga som ein heilt annan enn den ein hadde venta då koronaviruset byrja å påverke marknaden.
– Vi hadde eit veldig godt siste halvår i 2020, som heldt fram inn i 2021 med veldig høg aktivitet. Vi har hatt fleire noteringar i år enn det vi nokon gong tidlegare har hatt i den 202 år lange historia til børsen. Det hadde vi ikkje føresett for halvtanna år sidan då Noreg vart heilt svart, seier han.
Også utviklinga for hovudindeksen har vore god, med ein oppgang på rundt 20 prosent det siste året – trass i urolege marknader.
Publisert: 22.12.2021 08:12
Sist oppdatert: 22.12.2021 08:16