Kort fortalt

Rekordmange overnattingar

Auken i utanlandske turistbesøk er rekordstor.

22.09.2016
(NPK-NTB): Norske reiselivsbedrifter hadde rekordvekst i utanlandske overnattingar i sommar. Turistveksten har bidratt til at reiselivet er den næringa som er mest optimistisk til marknadsutsiktene for neste år.
I alt 93 prosent av reiselivsbedriftene trur marknaden vil vere på det nivået vi har i dag eller bli betre i 2017, viser NHOs økonomibarometer for tredje kvartal, som blir offentleggjort torsdag. 43 prosent ser enda meir positivt på marknadsutsiktene no enn tidlegare.
– Reiselivet er i ferd med å bli ein av dei pilarane som Noreg kan lene seg på både økonomisk og sysselsettingsmessig. Derfor er det nå viktig å ikkje gjere feil som snur den positive trenden, som for eksempel å innføre nye turistskattar eller styrke kronekursen, meiner NHO Reiseliv-direktør Kristin Krohn Devold.
Nær ein av tre bedrifter svarer at dei vil auke investeringane. Til samanlikning var det berre 14 prosent som ville auke investeringane i førre kvartal. (©NPK)

Publisert: 22.09.2016 14:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44