Kort fortalt

Rekordmange sparar i fond

Auke siste to åra.

30.06.2022
(NPK-NTB): Nesten halvparten av befolkninga i Noreg sparer i fond. Aldri før har delen med pengar plassert i aksjefond vore større enn i 2022.

48 prosent av befolkninga har no pengar plassert i aksjefond, viser ei ny undersøking gjennomført av Opinion for Verdipapirfondenes forening (VFF).

Det er auke på 2 prosentpoeng frå året før og 8 prosentpoeng frå 2020.

Undersøkinga er gjennomført blant 1.035 personar, og den første undersøkinga vart gjennomført i 2001.

– Med tanke på at vi har opplevd ei aukande uro i marknadene den siste tida er resultatet frå undersøkinga i år overraskande, seier administrerande direktør Bernt S. Zakariassen i VFF.

(©NPK)

Publisert: 30.06.2022 08:04

Sist oppdatert: 30.06.2022 08:06

Mer om