Underskotet på 2,5 millionar kroner er det største badelandselskapet i Herøy har hatt og gjer at bokført eigenkapital ved utgangen av 2024 var minus 5,3 millionar kroner. Etter 2003 har selskapet gått i pluss i berre tre år.
Styret i selskapet viser til ei verdivurdering av anlegget frå 2019, som verdsette det til 218 millionar kroner og konkluderer med at det betyr at reell eigenkapital er positiv.
Selskapet har ei langsiktig gjeld på 41,9 millionar kroner, opp frå 35,4 millionar ved utgangen av 2023.
Etter den siste utviding av anlegget er det bygd liknande badeanlegg både i Ulsteinvik og Ålesund.
Herøy Kommune er største aksjonær med 54,4 prosent av aksjane. Dei andre eigarane er Havila Holding, Olympic Eiendom, Herøy Revmatikerforening og Herøy Sanitetsforening.
| Sunnmørsbadet Fosnavåg as | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 13,2 | 13,2 |
| Driftsresultat | -0,4 | 0,8 |
| Resultat før skatt | -2,5 | -0,9 |
Publisert: 24.07.2025 13:29
Sist oppdatert: 24.07.2025 13:29






