Den store badebataljen
HOPP i DET: I Ulstein skal det byggjast symjeanlegg, i Herøy badeland. I praksis er ikkje skilnaden så stor. Slik er planen at hovudbassenget i Ulsteinvik skal sjå ut. 
Nytt

Den store badebataljen

Ulsteinvik og Fosnavåg har bystatus. No vil dei og ha badebystatus.

25.05.2014
ANALYSE25 meters basseng, plaskedam, varmtvassbasseng/opplæringsbasseng med 12,5 meters lengde, stupetårn, sklie. Og badestamp.Dette er likskapen mellom symjeanlegget i Ulsteinvik og badelandet i Herøy.Men det er også skilnadar:I Herøy blir det og eit eige basseng med bølgjeanlegg og straumkanal i tillegg. Der blir to sklier, og sannsynlegvis fleire sklie-meter enn i Ulsteinvik. Der blir det og kafe.Sunnmørsbadet i Herøy har (pr. i dag) ein prislapp på 213 millionar kroner, medrekna ei overskriding på 33 millionar kroner. Målet er å opne i februar 2015.Ulstein Arena - som og omfattar bibliotek og idrettshall - har ein prislapp på 230 millionar kroner. Målet er å opne til jul 2016.Er ekstra meter sklie, gratis parkering, betre plass, serveringstilbod og litt til nok til å få folk til velje Sunnmørsbadet i Herøy i staden for symjeanlegget i Ulsteinvik?For ein del er nok svaret ja.Men vil alle badeglade folk frå Hareid køyre forbi Ulsteinvik og dei ekstra mila til Herøy for å hoppe i bassenget der?Vil ørstingar og voldingar køyre rett fram til Ulsteinvik i Garneskrysset, eller ta den lengre turen gjennom Tjørvåg, over Herøybrua og enda litt lenger, for å bade i Herøy?Nokre vil nok nok det, men ikkje mange nok. Sunnmørsbadet i Herøy og Ulstein Arena blir konkurrentar, det er det neppe nokon tvil om.Sunnmørsbadet i Herøy er størst, men Ulstein sitt anlegg skal ligge midt i sentrum med kort veg til butikkane der. Det er forhold som kan oppvege kvarandre.Asplan Viak, som i 2007 laga ein analyse av marknaden for eit nytt og større badeanlegg i Herøy, konkluderte med at det burde vere råd å trekkje mellom 79.000 og 104.000 betalande gjestar i året.Men den vurderinga byggjer delvis på følgjande skildring av konkurransesituasjonen:"Av badeanlegg i regionen er det vel bare Moa Svømmehall som er en viss konkurrent".Asplan Viak rekna rett og slett med at betydninga av konkurrerande tilbod var null.Men var i 2007, ikkje no.Kommunen ventar at symjeanlegget i Ulsteinvik skal trekkje 30.000 besøkande i året (skulesymjing ikkje medrekna). Utan eit slikt tilbod i Ulsteinvik kan det tenkjast at ein god del av desse 30.000 ville bada i Herøy i staden.Sunnmørebadet i Herøy, som skal erstatte det tidlegare Herøy Fritidsbad har dessutan fått ein dårleg start. Overskridingane er pr. i dag 33 millionar kroner. Planen var å byggje for 180 millionar kroner, ikkje over 210 millionar. Det betyr i utgangspunktert av Sunnmørsbadet må ha fleire gjestar enn først rekna med for å får reknestykke til å gå opp.Arnulf Goksøyr, Herøy-ordførar og styreleiar i Sunnmørsbadet, seier dette om konkurransesitausjonen i ein epost til NETT NO:"Ulstein har lenge hevda at dei kun skal bygge eit 25 meters treningsbasseng hovedsakleg til skuleundervisning, og ikkje har til hensikt å konkurrere med Sunnmørsbadet. Dersom Ulstein skal bygge eit konkurrerande tilbud med badeflater utover dette vil marknaden bli for liten. Dette vil naturligvis avhenge av kva driftskonseptet til deira kommunale anlegg blir."Badesatsinga i Herøy og Ulstein skjer delvis med private midlar. Men det er offentlege løyvingar - medrekna millionane som tilflyt Herøysamfunnet som kompensasjon for at verksemdene der må betale same arbeidsgivaravgift som i nabokommunene - som er den viktigaste finansieringskjelda.Burde ikkje to naboar ha greidd å samla kreftene litt betre enn dette?Hadde dei gått saman kunne dei kanskje fått råd til Noregs første Syden-simulator?

Publisert: 25.05.2014 07:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:33