Rekordsterk måling for SV og Raudt
Regjeringspartia fell.
Raudt får rekord på Norstats målingar for Vårt Land med ei oppslutning på heile 6,5 prosent. SV ville med oppslutninga i målinga på 9,9 prosent fått sitt beste resultat sidan 2005. Til saman ville dei to partia til venstre for Ap fått 30 mandat.
Aps partisekretær Kjersti Stenseng seier andre saker har teke fokus den siste veka, og legg til at regjeringa arbeider med å «snu åtte års forskjellspolitikk».
– Det er store forventningar til dette arbeidet, med god grunn. Den siste veka har andre saker teke fokus, men no vil vi tilbake til å snakke politikk, skriv ho til Vårt Land.
Slik er resultata på målinga: Raudt får ei oppslutning på 6,5 prosent (+1,8), SV får 9,9 prosent (+1,0), Ap får 24,3 prosent (-3,7), Sp får 11,6 prosent (-1,6), MDG får 3,4 prosent (+0,2), KrF 3,4 prosent (+0,3), Venstre 4,4 prosent (-0,3), Høgre 20,5 prosent (-0,6) og Frp 13,0 prosent (+2,0).
Både Raudts vekst og Aps fall er statistisk signifikant. 964 personar svarte på undersøkinga, som vart gjort mellom 16. og 22. november og har ein feilmargin på mellom 1,1 og 3,3 prosentpoeng. Feilmarginen er størst for dei største partia.
(©NPK)
Publisert: 25.11.2021 07:52
Sist oppdatert: 25.11.2021 07:53