Rekordstor ordre til Hareid-bedrift
Spenncon har fullt opp til neste vår.
Ein ordre til ein verdi på 68 millionar kroner, sikrar arbeid for Spenncon Hjørungavåg fram til påsketider neste år, skriv Vikebladet Vestposten.
Avtalen er med Alta Handelspark og totalt skal 2500 betongelement – om lag ti båtlastar - fraktast sjøvegen nordover frå Hareid-bedrifta.
– Prosjektet blei seld i ei tid der det var trongt med arbeid ved Hjørungavåg-anlegget – så det er eit særs kjærkome prosjekt. Det er også god stemning i marknaden no, og byggebransjen har fått meir fart på seg igjen. Det er fleire prosjekt å rekne på, fortel regionleiar Hans Jostein Røyset for Spenncon Nordvest.
Hjørungavåg-avdelinga skal ha prosjektleiing, prosjektering, produksjon, transport, logistikk og montasje, medan monteringa blir gjort saman med tilsette frå hovudkontoret i Hønefoss.
Publisert: 03.09.2021 09:05
Sist oppdatert: 03.09.2021 09:07