Kort fortalt

Rekordstor prisvekst på hytter

Omsetninga tilbake på nivået før pandemien.

16.02.2023

(NPK-NTB): Prisane på fritidsbustader steig med 10,1 prosent i 2022. Omsetninga av hytter er tilbake til der den var før pandemien.

Den typiske fritidsbustaden i Noreg kostar no 2.965.980 kroner, viser fersk statistikk for kjøp og sal av fjellhytter, sjøhytter og innlandshytter.

Medan prisutviklinga i bustadmarknaden minka gjennom 2022, har det ikkje skjedd i hyttemarknaden, der det var ein historisk prisvekst.

– Den sterke prisveksten må sjåast i samanheng med auka vilje til å prioritere fritidsbustad, seier administrerande direktør Henning Lauridsen i Eiendom Norge.

Tala viser også at fritidsbustadmarknaden er tilbake til same nivå som før pandemien.

– Det har dei siste ti åra vore ein sterk vekst i hyttemarknaden som vart toppa med det sterke oppsvinget under pandemien, seier Lauridsen.

I 2022 var det flest omsetningar i hyttekommunane Trysil, Ringsaker og Vinje.

Nesten 6.000 hytter vart omsette i bruktmarknaden. 2910 var fjellhytter, 1874 var sjøhytter og 1675 var innlandshytter.

– Det er stort sett dei same hyttekommunane som byter på å ha flest omsetningar, noko som ikkje er overraskande då desse hyttekommune også har flest hytter totalt sett, seier Lauridsen.

(©NPK)

Publisert: 16.02.2023 09:43

Sist oppdatert: 16.02.2023 09:44

Mer om