Ringstad Blomster & Byrå i Ulsteinvik hadde eit nytt toppår i fjor med ei omsetning som første gong bikka over fire millionar kroner.
Det er dei høgste driftsinntektene som er registrert på bedrifta.
Viktoria Hareide tok over den tradisjonsrike butikken i 2021 etter at Greta Flø, hadde vore innehavar i drygt 20 år.
Då Hareide tok over dreiv ho allereie gravferdsbyrå og fortalde til Nett No at ho ville nytte synergieffektane mellom dei to verksemdene.
Sidan har inntektene auka frå 3,4 millionar i 2022 til 4,7 millionar kroner i fjor.
Lønnsemda betra seg også i løpet av 2024, og eit lite underskot blei snudd til pluss.
Eigenkapitalen i selskapet ved utgangen av fjoråret på kring 60.000 kroner og den langsiktige gjelda i underkant av ein million.
| Ringstad Blomster & Byrå | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 4,7 | 3,9 |
| Driftsresultat | 0,3 | 0 |
| Resultat før skatt | 0,2 | -0,1 |
Publisert: 02.04.2025 09:06
Sist oppdatert: 02.04.2025 09:07






