Renta opp 0,25 prosentpoeng
Noregs Bank aukar styringsrenta til 2,50 prosent.
Dei trur styringsrenta mest sannsynleg blir sett vidare opp i desember.
– Slik komiteen no vurderer utsiktene og risikobiletet, vil styringsrenta mest sannsynleg setjast vidare opp i desember.
Det opplyste Noregs Bank då dei torsdag auka styringsrenta med 0,25 prosentpoeng, til 2,50 prosent.
– Det er høg aktivitet i norsk økonomi, og arbeidsløysa er på eit historisk lågt nivå. Prisveksten har stige vidare og er klart over målet vårt på 2 prosent. Vi set opp renta for å dempe prisveksten, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache.
Noregs Bank meiner inflasjonen har auka meir enn venta, og arbeidsmarknaden ser ut til å vere litt strammarar enn tidlegare lagt til grunn.
– Det kunne tilseie å heve renta med meir enn 0,25 prosenteiningar på dette møtet. På den andre sida er det teikn til nedkjøling i delar av økonomien, og utsikter til lågare frakt- og energiprisar enn lagt til grunn kan dempe prisveksten framover, skriv Noregs Bank i avgjerda si.
Renta er heva mykje på kort tid, og Noregs Bank meiner pengepolitikken byrjar å verke innstrammande på økonomien.
– Det kan tilseie å gå meir gradvis fram i rentesettinga, skriv Noregs Bank.
– Det er større uvisse om utsiktene enn normalt. Det vidare forløpet for renta vil avhenge av den økonomiske utviklinga, står det vidare.
På dei tre siste rentemøta i juni, august og september vart renta heva med 0,5 prosentpoeng, ei såkalla dobbeltheving.
I mars vart renta heva med 0,25 prosentpoeng, eller 25 basispunkt, medan i januar og mai valde Noregs Bank å ikkje gjere noko med renta.
Publisert: 03.11.2022 10:25
Sist oppdatert: 03.11.2022 10:28