(NPK): Spesialteiner må til når havforskarane skal fange kjempehumrar på opp til ein halv meter. Hummarreservata er fulle av havets kardinalar.
I år er det ti år sidan det første fredingsområdet for hummar vart oppretta her i landet, i Flødevigen i Arendal. Seinare har det også blitt reservat på Hvaler, Nøtterø– Bolærne og Risør.
I Flødevigen har talet på humrar og storleiken på desse auka jamt heilt sidan hummarfisket vart forbode her i 2006.
– Vi har sett ei tredobling i bestanden her og vi finn no humrar av ein storleik vi ikkje har sett i våre farvatn på generasjonar, seier Moland Olsen til NRK.
Store humrar er langt meir reproduktive enn dei små og det blir derfor ein god spiral når individa får bli nokre år gamle.
– Småhumrar som vert fiska langs kysten har rundt ein femtedel av mengda egg som ein finn hos gigantane som no er heilt vanleg å finne i fredingsområdet, seier Olsen.
Forskingsstasjonen har fått spesialbygd teiner i XL-storleik for å klare å fange dei største krabatane som kan bli opp til fire kilo tunge. Den største som til no er fanga ved Flødevigen målte 44 centimeter frå hale til hovudspiss, godt over halvmeteren dersom ein tar med klørne. (©NPK)

Publisert: 22.09.2016 13:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44