Kort fortalt

Resirkulert stol

Sintef og FLOKK vil lage grøne kontorstolar.

07.08.2019
NPK: Sintef og stol-produsenten FLOKK forskar no på korleis dei kan lage ein 100 prosent resirkulerbar kontorstol.
Forskingsprosjektet kalla Circular Seating er eit samarbeid mellom Sintef og stol-produsenten FLOKK. Teamet består av fleire matieral-teknologar og forskarar innan teknologileiing, står det på Sintef sine .
– Vi skal finne ut kva materialar det er mest fornuftig å nytte, lage ein strategi for returlogistikk med gode løysingar tilpassa bransjen og sjå på andre barrierar og organisatoriske faktorar for å få til ei endring i produksjonen. Mellom anna vurdere ulike strategiar for sirkulasjon av materialar og forretningsmodellar, seier Sintef-forskar Ottar Bakås.
Prosjektet er støtta av Forskingsrådet.

Publisert: 07.08.2019 11:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33