Ture Korsager foto Marius 11
40 ÅR I BRANSJEN: Få veit meir om sal av fiskebåtar enn Ture Korsager. Dansken er sjef for Atlantic Shipping som markerer 40-årsjubileum i år. Meklarselskapet sel båtar for milliardar årleg – og har aldri hatt underskot. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Sel båtar for milliardar kvart år

Ture Korsager fann løysinga for omstridd krillskip. Meklaren har eitt råd til reiarane.

Marius Rosbach
30.01.2026

Få veit meir om sal av fiskebåtar enn Ture Korsager. Dansken har vore i bransjen sidan tidleg på 1980-talet, og i år kan selskapet Atlantic Shipping markere 40-årsjubileum. 

Sjølv om 68-åringen snart har tenkt til å overlate roret av meklarfirmaet til sonen, har han ingen planar om å blir pensjonist. 

– Eg trer tilbake som CEO frå april 2027, men vil halde fram som meklar, fortel han til Nett No. 

Fann løysing for omstridd krillskip
Ein av oppdraga det siste året har vore salet av det omstridde krillskipet Rimfrost tinga frå Tersan i Tyrkia. Etter at avtalen med Herøy-selskapet blei kansellert, var verftet ute etter å finne ei anna løysing. 

– Det var kring 18 månader sidan kontrakten blei kansellert, og verftet kunne ikkje berre ha skroget liggande, fortel Korsager. 

Tersan aker qrill company foto Tersan
SKAL BLI LENGRE: Aker Qrill Company skal forlenge skipet med kring 25 meter og bygge inn ein ny seksjon. Leveringa av skipet er planlagt hausten 2026. Foto: Tersan Shipyard

Dansken tok kontakt med Aker Qrill Company, som han visste var ute etter eit nytt fartøy. Han fortel at det Røkke-kontrollerte selskapet først takka nei, fordi dei ville ha eit større skip. 

– Då foreslo eg at båten kunne forlengjast, og det blei løysinga. No blir den bygd om totalt – og Aker får på plass ein ny krillbåt raskt – slik dei ønska, legg Korsager til. 

Meklarselskapet har aldri hatt underskott
Atlantic Shipping held til på Islands Brygge midt i København og har vekse til 13 tilsette. Selskapet har aldri hatt underskot og «alltid tent fornuftig» med pengar, ifølgje Korsager. 

Siste årsrekneskap som blei avslutta i april i fjor, enda med eit resultat før skatt på drygt 8 millionar kroner før skatt. Om lag slik det har vore i ei årrekke. 

Korsager meiner den største endringa for bransjen i løpet av desse åra, er at den har blitt meir internasjonal.

– Det har vorte veldig viktig for ei verksemd som vår å ha eit stort internasjonalt nettverk og overblikk, slik at vi kan finne dei beste løysingane for kundane våre, fortel han. 

Nils Ture Korsager Stig Remoy foto Ogne
KRITISK TIL AVTALE: Stig Remøy (t.h.) har vore kritisk til at Aker Qrill Company fekk hand om skroget Rimfrost opphaveleg tinga. Ture Korsager (midten) er meklaren som hadde hand om avtalen. Her saman med sonen under under Fiskebåt sitt årsmøte i 2025. Foto: Ogne Øyehaug

Selde rekordmange båtar i 2025 
Kvart år sel Atlantic Shipping båtar for fleire milliardar kroner. I 2025 selte dei om lag eit fartøy i veka  og enda opp med å omsette nærare 50 båtar. 

– Talet på skip er det beste vi har hatt nokon gong. I runde tall snakkar vi om verdiar for ein plass mellom fire og fem milliardar, anslår Korsager. 

Sjølv om fiskefartøy utgjer hovudtyngda av båtane som blir omsett gjennom meklarselskapet, jobbar dei også med anna tonnasje. Det kan vere alt frå flytedokker til fryseskip. 

Stadig meir kostbare kvoter er med å dra opp prisane, ikkje minst i Norge. 

– Handlane blir færre, men dei blir også større i verdi, legg han til. 

Nils Ture Korsager foto Atlantic Shipping
NY GENERASJON OVERTEK: Yngstesonen Nils er allereie inne på eigarsida. Neste år er det planlagt at han overtek roret av meklarselskapet. – Det er ein stor glede å ha ein entusiastisk son, som brenn for det same som meg, seier Ture Korsager. Foto: Atlantic Shipping

Har eitt råd til reiarane
Korsager fortel at draumen hans er at fleire reiarar kjem til dei allereie før dei gjer nye investeringar. 

Det å finne dei beste løysingane, handlar ikkje berre om å finne ein kjøpar til nokon som vil bli kvitt båtane sine. Det kan også handle om å tenke langsiktig om, marknaden for eit komande nybygg. 

Med ei lita ekstra investering, kan båten bli enklare å omsette på eit seinare tidspunkt. 

– Vi hadde til eksempel Lie Gruppen frå Bergen som viste nokre teikningar til ein ny båt. Då lufta eg moglegheitene for å bygge med isklassing. Det gjer at båten seinare kan vere aktuell å selje både til Russland og Grønland, seier Korsager. 

– Om reiarane tek kontakt med oss tidleg, kan det vere at vi har nokre synspunkt som kan gjere ting enklare. Men det er ingen tradisjon for slikt, og det er stort sett tilfeldig om det skjer, legg han til.

Om reiarane tek kontakt med oss tidleg, kan det vere at vi har nokre synspunkt
Ture Korsager

Involvert i sal av sunnmørsreiarlag
Korsager fortel entusiastisk om oppdrag der meklarane har kome fram til løysingar, som kundane deira ikkje ser sjølve. 

Eit eksempel er Halstensens Rederi som for ein del år sidan ville kjøpe seg opp i ringnot, men eigarstrukturen gjorde det vanskeleg. 

Då foreslo Korsager at dei i staden kunne investere i ein fabrikktrålar. Det enda med at dei kjøpte Granit-reiarlaget på Sunnmøre, og etter kvart investerte i ein ny trålar brygd i Tyrkia. 

– Det er fantastisk at vi kan få til noko slikt, seier dansken. 

Granit foto halstensen
NORGES STØRSTE: 81,2 meter lange og 16,6 meter breie Granit var Norges største frysetråler då den blei bygd i 2017. Meklarane i Atlantic Shipping pensa Halstensen-reiarlaget inn på sporet med å investere i ein ny fartøystype. Foto: Halstensen

Prega av Russland-exit
Å spørje Ture Korsager korleis marknaden for sal av fiskebåtar er for tida, gir ikkje eit enkelt svar. 

Årsaka at marknaden kan være høgst ulik for ein sjark, linebåt eller ein kombibåt. Generelt er marknaden for kvitfisk blitt slappare dei siste åra, spesielt for dei største fartøya.

– Her har det vore få sal grunna kvotenedgang. Internasjonalt er vi kraftig påverka av at Russland ikkje lenger er i marknaden. Dei har tidlegare vore med å presse opp prisane, seier Korsager. 

Så lenge sanksjonane mot Russland grunna Ukraina-invasjonen gjeld, vil heller ikkje marknaden ta seg opp vesentleg, er meklaren sin vurdering.

Det har likevel vore enkelte større sal, som Havbryn-trålaren frå Strand-reiarlaget i Ålesund. 

– Det er den første av den nye generasjonen frysetrålarar som er omsett på nokre år, seier han.  

Auka interesse for pelagiske båtar
For båtar til pelagisk fiske, som sild og makrell, har interessa vore aukande. Korsager fortel at det framleis er aktivitet mot Chile, der det er selt fleire båtar. Samtidig kjem nye område til. 

– Oman dukka opp som ein ny marknad nesten over natta for litt sidan, og det blei selt 10-15 skip. Eg trur ikkje pelagisk fiske er ferdig med å utvikle seg til nye område, seier Korsager. 

Meklaren fortel at det også har vore eit lite comeback for reketrålarar som er selt til Færøyane og baltiske land. 

Investeringsvilje på botnnivå
Når det gjeld investeringsviljen hos norske fiskebåtreiarar er den på eit kanskje historisk lågt nivå for augneblinken. 

– Det er blitt langt dyrare å bygge. Samtidig er driftskostnadene i Norge høge fordi ein er belasta med uheldige politiske avgjerder, som CO2-avgift og anna tøys. Det gjer at folk blir veldig forsiktige, og då skjer det ingenting, seier Korsager. 

Meklaren meiner det er spesielt uheldig når det blir innført nye skattar «over natta», som i tilfelle med grunnrenteskatten på oppdrett. 

– Den slags manglande politisk stabilitet, er svært skadeleg for investeringslysta. Også formueskatten verkar ekstremt negativt, legg han til. 

Jobbar i ulike tidssoner
Heldigvis for Atlantic Shipping finst det andre plassar i verda. ¨

Korsager meiner det er ein rekke land med gode moglegheiter for å gjere investeringar frå utlandet. Konkret kven, vil han av konkurranseomsyn ikkje peike på. 

– Vi er truleg det mest internasjonalt orienterte fiskemeklarfirmaet i verda, så verksemda er ikkje avhengig av éin marknad, seier han. 

Med kundar som held til på den andre sida av kloden, er ein nøydd til å ta spesielle omsyn til ulike tidssoner.

– Om eg til eksempel har ein kunde i Vancouver eller New Zealand, så «fredar» vi nokre tidspunkt for telefonsamtaler til folk har stått opp, fortel han. 

Ikkje alltid moderne båtar er mest populære
I marknader med mindre moderne tonnasje enn i Europa, er det ikkje nødvendigvis slik at dei nyaste båtane er mest populære. 

– Mange er ikkje så interessert i «superautomatikk», og vil kanskje heller ha ein manuell ventil dei forstår og kan reparere, også kan dei heller ha fleire folk om bord, seier Korsager.

– Samtidig ser dei at moderne tonnasje fiskar meir effektivt. Då Marokko kjøpte båtar for nokre år sidan, var dei gjerne på 1000 til 1500 hestekrefter, medan dei no gjerne vil ha kraftigare båtar med 5000 til 6000 hestekrefter. Og dei får ein gjerne kjøpt i land som Norge og Skottland, legg han til.

Publisert: 30.01.2026 08:30

Sist oppdatert: 30.01.2026 18:00

Mer om