Kort fortalt

Restaurantdrivar dømt til fengselsstraff

Dømt for manglande rekneskapsføring og økonomisk utroskap.

05.02.2024

Drivaren av Emils Burger i Ålesund er dømt til eit halvt år i fengsel, melder Sunnmørsposten.

Møre og Romsdal tingrett vil også inndra til saman 485.000 kroner, ifølgje dommen.

Mannen blei dømt for manglande rekneskapsføring og økonomisk utruskap. Mellom anna skal innbetalingar ha gått til drivarens private konto.

Vedkomande la alle korta på bordet i saka som vart ført som ei tilståingsdom. Han erkjente mellom anna at han hadde vore naiv og uansvarleg. Dommen er ikkje rettskraftig.

Publisert: 05.02.2024 13:32

Sist oppdatert: 05.02.2024 13:33

Mer om