Restaurantsjef: – No må det gå fort
Ber om rask krisehjelp.
(NPK-NTB): Auka smitte og koronarestriksjonar gjer at permisjonsvarsla er rett rundt hjørnet, varslar restaurantsjef. Han ber regjeringa komme med ordningar.
Restaurantsjef på Le Benjamin og styremedlem i Norsk Restaurantforening, Ove André Jacobsen, seier til E24 at permisjonsvarsla har byrja å rulle.
– Ved tidlegare nedstengingar, har regjeringa slept beina etter seg og pengane har komme veldig på etterskot. Det kan dei ikkje gjere no. Bedrifter er botnskrapa – så no må det gå fort, seier han.
Jacobsen meiner det er nødvendig med ei lønnstilskotsordning for å hindre at permitterte igjen må gå gjennom Nav-systemet. Han åtvarar mot at massepermitteringar kjem til å bli dyrt og uverdig for dei det gjeld.
NHO opplyser til avisa at avlyste julebord og dramatisk omsetningsnedgang allereie har gjort at mange står i fare for å bli permitterte til jul.
Dei vil ha ei lønnsstøtteordning, ei nasjonal kompensasjonsordning, at regjeringa skal redusere arbeidsgivarperioden ved sjukepengar til tre dagar og redusere arbeidsgivarperioden ved permittering frå ti til fem dagar.
(©NPK)
Publisert: 07.12.2021 15:09
Sist oppdatert: 07.12.2021 15:10