Kort fortalt

Resultatnedgang for Elkem

Elkem hadde driftsinntekter på 9,3 milliardar kroner i andre kvartal. Selskapet er fornøgd, trass i nedgang frå 2022.

14.07.2023

Elkem hadde driftsinntekter på 9,3 milliardar kroner i andre kvartal. Selskapet er fornøgd, trass i nedgang frå 2022.

Driftsresultat enda på 1,1 milliardar kroner. Det er ein relativt kraftig nedgang frå rekordhøge 3,9 milliardar kroner i 2022, heiter det i ein kvartalsrapport fredag.

– Etter to år med rekordresultat for Elkem står vi no overfor meir utfordrande marknader. Under desse forholda er vi fornøgde med samla sett å levere ei god utvikling for selskapet i andre kvartal, seier konsernsjef Helge Aasen i Elkem.

(©NPK)

Tal i mrd. NOK
Elkem ASA
Q2 2023 Q2 2022
Driftsinntekter 9,3 12,3
Driftsresultat (EBITDA) 1,1 3,9
Resultat før skatt 0,3 3,8

Publisert: 14.07.2023 11:13

Sist oppdatert: 14.07.2023 11:26

Mer om