Russian Aquaculture Moltu innfelt arne geirulv
MOLTU: Inarctica har investert 150 millionar kroner i smoltanlegg på Moltu. Styreleiar Arne Geirulv har ingen kommentar til at revisorselskapet Deloitte trekker seg. Foto: Kjetil Haanes
Kort fortalt

Revisor trekker seg frå Moltu-selskap

Russiskeigd selskap kan bli tvangsoppløyst.

03.12.2022

Revisorselskapet Deloitte har trekt seg som revisor for Moltu-selskapa Øyralaks og Villa Smolt. Det opplyser NRK.

Selskapa er eigd av russiske Inarctica (tidlegare Russian Aquaculture), og er russlands største oppdrettsselskap.

Deloitte trekker seg utan at Inarctica står på noko sanksjonsliste, men NRK opplyser at den største eigaren Maxim Vorobyov har tette band til den russiske forsvarsministeren Sergei Shoigu. Selskapet skal også levere fisk til det russiske forsvaret.

Inarctica er nettopp ferdig med ei storstilt utbygging på Moltu. Herøy-anlegget skal forsyne oppdrettsmerdene i Murmansk-området med smolt.

NRK skiv at selskap utan revisor risikerer tvangsoppløysing. Dette gjeld også for det tredje norske selskapet, Olden Oppdrettsanlegg i Trøndelag.

Styreleiar Arne Geirulv i dei norske selskapa har ingen kommentar til saka.

Publisert: 03.12.2022 19:15

Sist oppdatert: 05.12.2022 10:11

Mer om