Kort fortalt

Riksantikvaren mot Hofseth-anlegg

Vil ikkje ha oppdrettsanlegg i Raudbergvika.

18.03.2024

- Vårt faglege ansvar er å reise motsegn når verdsarvverdiane er truga, seier riksantikvar Hanna Geiran, i ei pressemelding.

- Her ser vi eit tiltak som står i klar konflikt med dei framifrå og universelle verdsarvverdiane som finst i Vestnorsk fjordlandskap. UNESCOs internasjonale ekspertar på verdas naturarv, IUCN, rår klart i mot denne utbygginga. Det er stor uvisse knytt til sentrale delar av saka, som utslepp til verdsarvfjorden Sunnylvsfjorden og handsaming av overskotsmasse frå utsprenging av fjellhallane. Tala vi har fått presentert peikar også på nitrogenutslepp i fjorden tilsvarande utslepp frå ein million menneske, og eit uttak av massar som er nesten 17 gonger større enn den nye Indreeidstunnelen på 4,9 km. Dette er store tal. seier Geiran i pressemeldinga.

Ho viser til at også Statsforvaltaner i Mireø og Romsdal og administrasjonen i Møre og Romsdal fylke meiner at tiltaket er i konflikt med verdsarvstausen. (Men ikkje at fylkespolitikarane seier ja.)

Publisert: 18.03.2024 12:20

Sist oppdatert: 18.03.2024 12:20