Raudbergvika oppdrett storfjord illustrasjon Moldskred 11
STORE PLANAR: Slik kan anlegget til World Heritage Salmon ved Raudbergvika bli sjåande ut frå utsida. Før ei endeleg godkjenning er på plass, skal fleire etatar og institusjonar seie si meining. Illustrasjon: Moldskred
Nytt

Fylkespolitikarane seier ja til milliardsatsing

Trekk protestane både i høve verdsarv og vasskvalitet.

Marius Rosbach
29.01.2024

Eit stort fleirtal i fylkesutvalet i Møre og Romsdal gjekk måndag inn for å trekke protestane som tidlegare har vore mot eit landbasert oppdrettsanlegg i Storfjorden.

Det er Hofseth International som ønsker å investere minst 15 milliardar kroner i å etablere eit anlegg inne i fjellet i Raudbergvika i Fjord kommune.

I vedtaket som fekk støtte frå både Frp, KrF, Venstre, Ap, Sp og INP, blir det påpeika at det er gjort vesentlege forbetringar i planforslaget som no er ute på tredje gongs høyring. Berre SV og MDG ville halde på motsegna i høve verdsarven.

Protesterte mot forholdet til verdsarven
Både fylkesadministrasjonen og statsforvaltaren har protestert mot etableringa – grunna korleis oppdrettsanlegget vil påverke forholdet til verdsarvområdet.

I vedtaket frå fylkesutvalet blir det understreka at Raudbergvika blei halde utanfor verdsarvområdet då søknaden om dette blei sendt – nettopp fordi det framleis skulle vere regulert til næringsområde.

NETT NO har fleire gonger omtala planane til Hofseth som vil etablere oppdrett inne i store fjellhallar. Det er anslått at statsinga kan utløyse meir enn 500 arbeidsplassar.

– Vil gi store lokale ringverknader
Politikarane viser til at det skal vere høgare terskel for å seie nei til tiltak av vesentleg samfunnsnytte – og at dei negative sidene ved tiltaket er «særs begrensa» samanlikna med dei positive.

– Det vil gi store lokale ringverknader for heile regionen, skape spennande arbeidsplassar og stor verdiskaping. Møre og Romsdal fylkeskommunen er svært positiv til initiativet, heiter det avslutningsvis i vedtaket.

Politikarane påpeikar samtidig at det ikkje er gruveaktivitet som er formålet med verksemda, slik UNESCO sin verdsarvkomite har trekt fram.

Fjord-ordførar trur på løysing
I løpet av den siste veka har det kome fram at statsforvaltaren i Møre og Romsdal har trekt nokre av sine fråsegn mot anlegget i Raudbergvika. Likevel held statsforvaltaren fast på sin protest når det kjem forholdet til verdsarven.

Fjord-ordføraren har gått ut og gitt uttrykk for at ho er skuffa over protestane frå statsforvaltaren.

Kommunen meiner likevel er det mogleg å kome i mål med reguleringsplanen, og bur seg på mekling i saka.

Publisert: 29.01.2024 13:48

Sist oppdatert: 29.01.2024 14:06

Mer om