Kort fortalt

Robotar skal skrive artiklar

Brukar millisekund der journalistar brukar sekund.

06.10.2016
(NPK-NTB): Nyheitsbyrået TDN Finans vil om kort tid innføre bruk av robotar til å publisere finansnyheiter på millisekund.
– Vi brukar allereie robotar i Sverige, og håpar å få det på plass i Noreg, seier Kristian Nesbak, som er administrerande direktør i Infront til
Infront eig nyheitsbyrået TDN Finans i Norege og Nyhetsbyrån Direkt i Sverige og vil no innføre denne teknologien til Noreg. Desse algoritmane skal produsere meldingar på millisekund, der ein vanleg journalist vil bruke tre til fem sekund.
– Robotane kan ta den første lynmeldinga når selskap slepp meldingar om resultat og også legge til forventningane i marknaden. Det frigjer tid og ressursar for journalistane. Det gir meir tid for journalistane til å vere journalistar, seier han.
Desse algoritmane vil lettare finne fram til tal og informasjon, i tillegg hjelpe å tolke og kategorisere innhald. Infront skal derimot ikkje gå heilt over til automasjon.
– Vi vil ikkje vere heilt mekaniske og hoppe over den granskande delen. Vi ønsker kvalitetssikring på toppen og vil verne kvaliteten i rapporteringa, seier sjefredaktør Lars Östlund, i Nyhetsbyrån Direkt.
Infront er eit produksjonsselskap som leverer informasjons- og handelssystem til finansnæringa. (©NPK)

Publisert: 06.10.2016 08:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44